Tittel:
Heimreis |
Hanne
Jacobsen / Ingeborg
Øien Thorsland Heimreis Dette er historia om ei øy på Vestlandet. Bømlo. Ho ligg yttarst i
Hardangerfjorden, sør for Stad og mellom to byar. Folk som ikkje kjem frå Bømlo,
har lett for å tru at det er slik, ei øy, eit hus, ein sau og ein nabo langt
der borte. Av og til kjennest det nesten som sanninga. Dette er ei minnebok der vi har late nostalgien råde. Målet vårt var ikkje å dekkje heile historia, men å leite etter tendensar og glimt i vår nære forhistorie. Det finst mange måtar å fortelje historia på. Vi har valt denne. Kven veit korleis minnet lurer oss.
|
|
|
|
|
|||